Velkommen til Kinnakyrkja

Hvad søker du på dette sted?

Kapittel 2 i boka Kinnakyrkja – lengst vest i havet // Erling Bakke Nydal – Sokneprest i Kinn

Kva er det som har fått og får menneske til å søke seg til Kinn? Øya ligg der ytst mot havet, vanskeleg tilgjengeleg med berre nokre få stader å legge til med båt. Mange kjem fordi kyrkja med sine skattar står der, andre fordi Kinnaklova og naturen er spektakulær, andre har reist for å oppleve Kinnaspelet, nokre er berre med.

Spørsmåla reiser seg i det du stig ut av båten;
«kvifor?». I alle fall når regnskuren og sørvesten treff deg midt i andletet og du forstår at lette sommarsko ikkje var tingen. På veg i land er vi kanskje ved kjerna av det eksistensielle og det religiøse som Kinn triggar i oss. Spørsmåla som kvart menneske gjennom uminnelege tider i løpet av livet spør seg: Kva og kvifor og kor skal vi? Heile øya inviterer til nettopp dette. Vi aner noko som ikkje er så lett å sette ord på.

«Mysterium tremendum et fascinans».
Slik definerte den tyske teologen, filosofen og religionshistorikaren Rudolf Otto (1869–1937), «Det heilage». Han kom ikkje på Kinn, men han utrykker noko som vi kan kjenne når i set føtene på land og går vegen. Her møter vi det som er både overveldande og fascinerande; Hav, himmel, storslåtte fjell, sjøslitne, opprevne svaberg og holer, gravrøyser, majestetiske øyer og eit klove som opnar seg i mot vest, og ei kyrkje i stein der hav og himmel møtest. Eit nærvær, ubeskriveleg, vagt, likevel mektig som havdønninga som stig og fell uavbrote rundt øya alle dagar.

Her ved havet
står den tidlegare soknekyrkja for ytre Sunnfjord. Her fann trua sin rituelle «Hvad søger du på dette sted?» funksjon til takksemd, trøyst og styrke for kvardagslivet, stad. Går vi inn, rommar huset oss. – Arkitekturen, kunsten, liturgien, musikken, symbolikken, sprekkene, såra etter hundreår med menneske som har gått inn og ut. Alt gir retning, gir forteljingar, peikar framover og oppover. I dette mikrokosmos der himmel og avgrunn kjem til syne, rommar ein livssyklusen i møte med døden. Det har ei symbolsk verdi utover seg sjølv. Her finn vi ektheit, her er steinane ikkje kopiar, her er kunsten ekte, her er slitasjen ekte. Her er sprekkene ikkje produserte. Her har ting ei meining, også mennesket, slik det er.

Kjem ein til Kinn som turist,
pilegrim på kystpilegrimsleia, turgåar, forskar eller er berre med, blir ein ynskt velkomen inn i kyrkja. I det du går oppover midtgangen i kyrkjeskipet mot altaret, kan du sanse, sjå, lytte, kjenne, kyrkjerommet rommar eit vell av opplevingar og interessante detaljar.

Vi vil ta vare på det genuine ved rommet,
ein levande gudstenestestad i Kinn sokn. Det innbyr til ettertanke, stille og til fellesskap. Det innbyr til å bruke det språket som beveger og rommar noko av det heilage, ved å tenne lys, knele på altarringen, delta i tidebøn og gudstenester, opne bibel eller salmebok.

Uansett:
Om kyrkja er open eller stengt, så har ho ein god vegg å kvile ved på turen rundt øya,- gjennom livet.

Velkomen til Kinnakyrkja ytst ved havet!

  • Kapittel 2 velkommen - kinnakyrkja.no