Ein før-kristen kultstad?

Kapittel 7 i boka Kinnakyrkja – lengst vest i havet // Arne Kruse

«Ein skal ikkje ha mykje fantasi til å sjå for seg at Kinnaklova har noko å gjera med plasseringa av kyrkja på Kinn. Når heilagdomen er bygd innom synsfeltet til denne dominerande konturen, kan ein sjå det som sjølve motivet for å byggje kyrkja nettopp her, for denne gamle, påkosta steinkyrkja ligg på den andre sida av øya frå der dei fleste har budd, og her er det ikkje heilt lett å lande med båt. Kyrkja ligg heller ikkje særleg prominent ved farleia, men attom ein knaus i ly unna nordavinden og dermed noko bortgøymt frå leia.» (Kruse, 2023:53).

Les meir i bok Kinnakyrkja – lengst vest i havet

  • kapittel 7 - kinnakyrkja.no