Kinn kyrkje og sola

Kapittel 8 i boka Kinnakyrkja – lengst vest i havet // Kolbjørn Nesje Nybø

«Det er andre november og den lave ettermiddagssola skin på øyane kring Kinn. Vi står ved Kinn kyrkje der det er skugge, men med eitt skin sola også på oss. Vi kan sjå ho nedst i skaret i Kinnaklova. På myrane rundt oss er det framleis berre mørk skugge, og vi får ei kjensle av at sola skin berre på oss. Fenomenet varer ein halv times tid og etterpå er alt som før. Det var ei merkeleg oppleving. Kan det vere slik at dette er ei av årsakene til plasseringa av Kinn kyrkje, og kan det sei oss noko om Kinn som kultstad i mellomalderen?» (Nybø, 2023:65).

Forfattaren trekkjer m.a. fram at: «…det er to tider på året då sola står nedst i Kinnaklova for dei som står ved Kinn kyrkje.»

Sola sett frå kyrkja // viktige dagar i kyrkjeåret:

  • Kring 20. oktober ser ein sola øvst i klova.
  • Kring 10. november forsvinn ho heilt ned under botnen av klova // Alle helgensdag 1. november.
  • Kring 1. februar kjem sola så vidt til syne nedst i klova // Kyndelsmesse 2. februar  (siste juledag / første vårdag)
  • Kring 20. februar passerer sola igjen over toppen av fjellet.

Les meir i bok Kinnakyrkja – lengst vest i havet

  • Sol i Kinnaklova - kinnakyrkja.no