Informasjon om Kinnakyrkja
Skrive av Torleif Reksten
Skrive av Torleif Reksten
er eit merkeår for Kinn som heilagstad og kyrkja der.
Dette er truleg den eldste norske kyrkjestaden som har vore i samanhengande bruk helt frå tidleg vikingtid. Både kristne keltiske slavar og heilage munkar kan ha komme hit då, og det er truleg grunnen til at Kinn er nemnd i 1024 i kristenretten på Moster og seinare i landskapslovene våre. Møtet på Moster bestemte mange reglar for kristen praktisering, mellom anna alle heilagdagar. Her fører dei inn den første norske heilagdagen, Seljumannamesse, den 8.juli til minne om dei heilage som søv i holer på Kinn og Selja. Gamle legender frå mellomalderen skriv om ”heilage menn” knytte til desse to øyane, og ut på 1100-talet fortel dei også om Den heilage Sunniva som rømde frå ein heiden vikingkonge og stranda på Selja der ho døydde. Her blei det bygd eit kloster og staden var bispesete frå 1068 til 1170 då bispen tok sete i Bergen og tok med seg skrinet med Sunnivas lekam dit. Klosteret blei nedlagd på slutten av 1400-talet.
er ikkje nemnd med noko kyrkjebygg på 1000-talet, men munkane kan ha hatt ein stad til gudsdyrking. Restane av steinkrossen i nordre altarnisje kan vere frå den staden. Først 100 år seinare blir kor og deler av austveggen til kyrkja ført opp med ganske grov stein. Seinare blir kyrkjeskipet bygd av tilført sandstein som er frå eit område nordaust for Kinn. Denne steinen er hard, men likevel lett å arbeide med, og murane her er difor usedvanleg vakre. Dei gamle fugene har vore av god kvalitet, der varm mørtel av kalk og skjelsand er teken i bruk. Vi veit ikkje om andre stader varm der mørtel har vore i bruk her i landet, men bruken er nytta i mange skotske borger.
og reparasjonar har endra kyrkja ein del i 800 år fram til 1912. Skipet hadde innvendig tak, ein lem med loft over, i høgde med murane og i koret var taket bogeforma. Lektoriet, galleriet på austveggen, var teke ned, og dei fleste delane dekorerte austveggen i skipet. Preikestolen stod heilt opp mot denne veggen. Frå 1868 fekk skipet store vindauge og galleri på vestveggen.,og midt på sørveggen stod ein stor omn med røyr opp til skorstein på loftet, der dei to kyrkjeklokkene hang. Den omfattande restaureringa i 1911-12 førte kyrkja mest mogleg attende til opphavleg form i romansk byggestil med tilbakeførte vindauge. Galleriet vart fjerna og himlingen i taket riven ned så ein såg opp i mønet med gjenoppretta takvinkel og takstol som arkitekt Carl Berner hadde funne restar av på loftet. Golvet var så skada at det måtte fornyast, og dei gravlagde menneska dei fann under golvet, blei lagde i ei fellesgrav med minnestein ute, nord for koret. Arkitekten teikna nye kyrkjebenkar og to smijernslysekroner. Det gamle rundbogetaket i koret vart også rive og gjenreist med same takkonstruksjon som i skipet.
er svært verdfullt og det einaste bevarte i heile Skandinavia. Lektorium var brukt i store kyrkjer og katedralar. Det blei mellom anna brukt til musikk og song samt at presten lettare kunne bli høyrd av kyrkjelyden. I katolsk tid var det ikkje preikestolar i kyrkjene. Under, på kvar side av midtgangen, var det to kapell der folk kunne be framfor altara i nisjene. Berre prestane hadde tilgjenge til koret og altaret der. Legg til merke rille for tidlegare trevegg mellom midtgang og kapell på dei to søylene. Lektoriet er frå 1249, og alt ein ser som ikkje er trekvitt ( dette er nye kopiar utført av Erik Fridstrøm i 1981) er originale deler. Figurrelieffa er truleg skorne i Bergen etter teikningar av ein engelsk munk, Matthew Paris. Treskurden er heilt fantastisk. Er dette den einaste steinkyrkja i landet som har utskjæringar som vi elles finn i stavkyrkjene våre? Relieffa viser til dommedag der Jesus og apostlane hans sit på tronstolar og dømer dei frelste menneska til å følgje den triumferande engelen heilt til høgre til Paradis. Alle andre må følgje den merkeleg forvridde engelen til venstre ”nord og ned” til Dødsriket. Vi ser Judas heilt til venstre utan glorie, Jesus sit i midten og Peter med nøkkel og Paulus med sverd sit på kvar side. Heldigvis var det att så mange restar og gamle teikningar at lektoriet kunne restaurerast i 1912.
heng det eit orlogskip for fulle segl frå 1700, eit symbol på reisa til Paradis der Jesus er kaptein, men også at menneska må kjempe seg fram for å nå dit. Preikestolen er frå same tid med ”lydhimmel” over. Han skulle forsterke stemma til presten, og den måla dua symboliserer at presten er velsigna av Den heilage ande og dermed får inspirasjon til gode preiker. Dei barokke englefigurane på oversida har med seg reidskapar som blei brukte i samband med krossfestinga av Jesus. På sørveggen heng ei minnetavle (epitafium) av Absalon Absalonsen som var prest i Bergen heilt til mor hans Anne Pedersdotter blei brend som heks der i 1590. Han flytte til Gloppen og kom som 79-åring til dotter si på prestegarden på Skorpa der han døydde to år etter. Ramma rundt er i frodig barokk og minner om yttersidene (vengene) på altartavla i koret.
har mykje grovare stein i murane, vindauga i nord og bak tavla er opphavlege, medan det i sør blei utvida i 1703, truleg for å gje meir lys til den flotte altartavla. Klebersteinaltaret er nok det eldste inventaret i kyrkja. Det har eit lite rom til relikviar. På tavla stod et eit skåp med plass til tre kvinnelege helgenfigurar frå tidleg 1500-tal, laga i Nord-Tyskland. Trass i reformasjon i 1537 fekk helgenar stå på altaret til 1703. I 1644 hadde skåpet fått ei flott utskoren barokk ramme rundt seg, og då denne blei måla ca 1700, måtte figurane vike plass for krossfestingsbiletet vi ser i dag. Figurane av Sta Barbara, Sta Katarina og Maria Magdalena som på Kinn vart omtala som dei tre irske prinsessene Sunniva, Borni og Ingebjørg, som dreiv over havet til Norskekysten og bygde kyrkjer her, fekk ny plass i ei av altarnisjene i skipet. Ved restaurering i 1974 oppdaga konservatoren at figurane hadde stått på altaret, og det blei laga ein skåpkopi av denne delen av altartavla som fekk plass på sørveggen for dei tre heilage kvinnene. Kyrkja har tre gamle altardukar og to 1700-tals messinglysestakar som blei omstøypte av fleire eldre. Døypefatet av messing er også frå same tid, og skåpet med renessansedekor på høgre sida av koropninga er frå ca 1640. Stolen ved utgangsdøra er også gammal, medan dei fire andre er nye kopiar.
som markerer inngangen til kyrkjegarden, vart bygd ved restaureringa i 1912 for å huse dei to kyrkjeklokkene frå 1653 og 1849.
Porten er ein kopi av den gamle porten frå før 1850.
var ei ny omfattande restaurering til 17 mill kr ferdig. Taksteinen vart teken ned og sett opp att med nye naglar. Det største arbeidet var utpikking av alle fuger og spesielt sementfugene frå 1912 som viste seg å fungere dårleg med tanke på fukt. Dei er erstatta med kalkmørtel. Kyrkja blei kvitkalka både utvendes og innvendes. No står kyrkja fram som ein vakkert kulturskatt frå mellomalderen.
rett utafor porten er truleg over 150 år gammal, og ho er ein kulturskatt i seg sjølv. Ho blei først sett opp like nord for Florø for så å bli flytta til ei lita øy i Batalden. Men gode sildefangstar førte til ny flytting til Nærøyane rett nord for Kinn. Her budde det ein familie fast, men på øya var over 40 sildebuer (salteri) i funksjon dei gode sildeåra frå 1850 til 1873. I 1895 hadde Kinn fått ny eigar, og familien på Nærøya fekk lov å flytte huset til kyrkjeområdet der ho står i dag. På den tida stod det fleire hus her, med desse måtte vike for utviding av kyrkjegarden i 1923. Kinn sokneråd fekk kjøpe huset i 1970, og etter fleire reparasjonar står det i dag som eit koseleg fiskarhus til bruk som ”sakristi” for brukarar av kyrkja. Dei siste somrane har frivillige budd i huset for å vere vertskap for besøkande. Dei fører tilsyn med kyrkja som er open heile dagen, og dei inviterer til to tidebøner kva dag.
Kinnaspelet som til no har hatt over 100000 tilskodarar sidan det starta i 1985, er heilt avhengig av både kyrkja og dette vesle huset.
var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882 då kyrkja i Florø var ferdig. Men kyrkja er framleis i bruk til alle kyrkjelege tenester, både barnedåp, konfirmasjon og vigsling av brudepar og gravferder i tillegg til konsertar. I 2008 var det ordinasjon i kyrkja. Det er tradisjon å ha høgtidsgudsteneste ved Seljumannamesse, Olsok og når det er Kinnaspel.
Vonar du får ei god stund her i kyrkja. Takk for at du kom.
Drift og opa sommarkyrkje kostar, og oppussing av toalettbygget står på ønskjelista.
Gåver er velkomne og kan vippsast til 115101