Kinnakyrkja
  • Kinnakyrkja
  • Historie
  • Opplev Kinn
  • Skuleopplegg // QUIZ
  • Menu Menu
Korssteinen ved Kinn kyrkje. Foto Kjartan Hauglid. (Ekroll,2023:112) - kinnakyrkja.no
Foto Kjartan Hauglid. (Ekroll,2023:112)

Steinkrossar I Kinn

Skrive av Torleif Reksten
Publisert i Kinn kyrkjeblad desember 2023

Ved restaureringa av Kinnakyrkja i 1911 fann dei eit fragment av ein steinkross som no er vist fram i nordre altarnisje i kyrkjeskipet. Berre eine armen på 31 cm og toppstykket på 42 cm er funne. Det er tydeleg at det har vore eit rundt hol mellom armane slik som på Svanøy, og høgda kan ha vore 1,5 – 2 m. Er dette ein kross som først stod ute for å markere ein bønestad og seinare fekk plass på alteret i kyrkja?

Slike steinkrossar er det mange av langs vestlandskysten. Mange er høgreiste monument som markerer norsk kristningshistorie og har vore viktige påminningar i ei vanskeleg brytingstid mellom åsatru og kristentru. Sjølve plasseringa av høgkrossane vi finn mellom Sunnmøre og Rogaland, har vore svært viktig. Mange har hatt som oppgåve å markere skipsleia med plassering på viktige nes, sund og hamner som t.d. Korssund, Svanøy, Kvitsøy, Utstein kloster, Gard m.m. (Ein finn mange foto av krossar på Google/ Bilete). Det er dyrt og omstendeleg å framstille symbolet kross samanlikna med oppsetting av ein bautastein, noko som indikerer at krossane skal fungere som seglingsmerke langs kysten og samstundes lose menneska til Gud.

Steinmonument er svært gamle. Enkle bautasteinar viser til fedredyrking eller er til minne om viktige personar. Ein finn også runetekstar på nokre steinar med uttrykk for ei plikt til å halde minnet om forferdar ved like. Neste utviklingssteg er steinar med innrissa krossar eller andre kristne symbol der nokre også har runeinnskrift. Siste stadium er sjølve steinen der heile monumentet er krossforma. Vi har nærare hundre slike steinkrossar i Noreg, 60 er små og finnest ofte på kyrkjegardar og 40 er store. Mange krossar, som den på  Kinn og Svanøy, er produserte i Hyllestad. Her var det stor produksjon av kvernsteinar og krossar i granatglimmerskifer, ein hard og godt eigna bergart, men som det er vanskeleg å dekorere eller riste runer på. Kvernsteinparken i Hyllestad har god informasjon om dette ”industrieventyret” der steinhoggarar hadde utvikla ein utruleg god kompetanse i utvinning og forming av stein. Ein finn sju uferdige krossar på turen rundt i parken.

Steinkrossane på Vestlandet blir av arkeologar klassifiserte i fleire grupper, der dei angliske og keltisk /irske dominerer. Dette viser også kor teknisk kompetanse og kristne impulsar hadde komme frå. Dei norsk/keltiske som har rettvinkla armar og armhol under og over armane, er eldst. Dei norsk/angliske har avrunda linjer både over og under krossarmane. I Eivindvik står to krossar, ein av kvar av desse to typane. Berre fire krossar har runeteikn – mellom anna krossen på Svanøy.

Den største høgkrossen er 4 m over og 2 m under jorda med breidde på 1,50 m, og slike høgkrossar var ressurskrevjande og svært kostbare gjenstandar. Truleg er dei betalte av rike familiar som også hadde handelsferder til utlandet. Desse handelsfamiliane var dei første som fekk med seg kristne tankar og impulsar til Noreg og danna små ”lommar” av kristendom der dei budde. Steinkrossane symboliserte vern og gjorde ein ny og usynleg Gud nærare. Det å bli merka med ”krossteiknet” var ei umåteleg kraftig handling, eit under og eit prov på eit nytt tilvere frigjort for vonde ånder.

Krossen var også eit viktig symbol i kloster og på einebuarstader. Dette var spesielt i keltisk kristen tradisjon. Vi har mange irske kjelder som viser til munkar og einebuarar som ”helga” staden der dei slo seg ned langt frå andre menneske med å reise ein kross der. Kan krossen i Kinnakyrkja ha vore reist av keltiske munkar som tidleg danna ein ”lomme” med kristendom her på kysten, lenge før norske kongar byrja kristninga av landet? I alle fall veit vi at Mostratinget i 1024 bestemte at den første norske kristne heilagdagen, den 8. juli, skulle vere til minne om heilage menn som er gravlagde på Selja og Kinn. Kinn blir då truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg som har vore i samanhengande bruk heilt fram til i dag – sidan Selja blei nedlagd litt før reformasjonen i 1537.

Ved klosteret på Iona på den skotske vestkysten blei det på 700-talet reist mange høge steinkrossar, og der var det også steinhoggarverkstad som danna skule for keltisk krosstradisjon. Men irske/keltiske krossar hadde som regel også den karakteristiske sirkelen som gjev dei namnet solkrossar. Dette finn vi ikkje i Noreg. Krossane var vigsla til Herren og blei haldne høgt i ære av dei som ønskte å be sine daglege bøner der. Etablering av stader til bøn og gudstenester skjedde ofte ved å reise kross på staden. Så blei det kanskje bygd ei kyrkje seinare. Keltiske munkar var svært opptekne av naturen og skaparverket. Aude øyar og særmerkte fjell var det næraste ein kunne komme Gud. Vi har mange døme på at dei helst ville feire gudsteneste ute i det fri, også etter at det var bygd kyrkje på staden. At steinkrossane vart sett på som sjølvstendige religiøse kultstader ser vi i norske jordebøker, der vi les at nokre krossar blei oppfatta som kyrkjestader med eigne inntekter kalla ”kross-skatt” eller ”kross-fe”. Krossane i Korssundet og i Vevring eigde kyr og hadde inntekter av å leige dei ut.

Krossreisingsskikken var altså ein sterk tradisjon i dei keltiske øyrika i vest. Saman med skaparverket i naturen, nærleiken (”det tynne sjiktet”) mellom denne verda og den usynlege verda, blir Kinn og Kinnaklova med sin eineståande fjellformasjon, ein god, men likevel udokumentert link til at keltiske einebuarar alt før 700-talet kan ha opphalde seg på Kinn.

FLORA HISTORIELAG

  • florahistorielag.no/
  • @florahistorielag

KYRKJENE I KINN

  • kinn.kyrkja.no
  • Fylkesarkivet
  • Kva skjer i kyrkja
  • @kinnakyrkja
  • @kinnkyrkje

KJØP HISTORIEBOKA HER:

Norli Amfi Florø
Kinn kyrkjekontor
Flora Historielag
Ved Kinnakyrkja
Pris kr 495

© Kopirett - Kinn sokn // PERSONVERNERKLÆRING // WEButvikling A til Å // FOTO: FjordKysten og Sunnfjord
Informasjon om KinnakyrkjaIrland - keltisk kristendomKeltisk kristendom - Image by Herbert Bieser from PixabayKinn i Keltisk kristendom
Scroll to top

Denne nettsida brukar informasjonskapslar, også kjent som «cookies». Informasjonskapslar vert brukt til å samle informasjon anonymt, for eksempel til web- og brukarstatistikk. Dette bidrar til å betre brukaropplevinga di, og gjer at vi kan lage betre nettsider for deg som besøkande. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som blir lagra i internminnet til nettlesaren din. Den inneheld innstillingar og anna informasjon som er brukt på sida du besøker. Når du besøker kinnakyrkja.no, må du samtykke for at vi skal bruke informasjonskapslar i samsvar med erklæringa. Dersom du ikkje ønsker informasjonskapslar, kan du avslå førespurnaden, eller endre innstillingane dine.

GodtaAvslåInnstillingar

Informasjonskapslar og personvern



Korleis vi bruker informasjonskapslar.

Vi kan be om at informasjonskapslar blir brukt på eininga di. Vi brukar informasjonskapslar for å vite når du besøker nettstaden vår, korleis du samhandlar med oss, for å forbetre brukaropplevinga og for å tilpasse forholdet ditt til nettstaden vår. Klikk på dei ulike kategorioverskriftene for å få meir informasjon. Du kan óg endre nokre av preferansane dine. Ver merksam på at blokkering av visse typar informasjonskapslar kan påverke opplevinga di på nettstaden vår og tenestene vi kan tilby.

Essensielle informasjonskapslar

Essensielle informasjonskapslar er strengt nødvendige for å tilby deg tenester som er tilgjengelege på nettsida vår og for å bruke nokre av funksjonane.

Sidan desse informasjonskapslane er strengt nødvendige for å levere ei nettside, vil avslag på dei påverke korleis nettstaden vår fungerer. Du kan alltids blokkere eller slette informasjonskapslar ved å endre nettlesarinnstillingane dine og tvinge blokkering av alle informasjonskapslar på denne nettstaden. Men det betyr at når du besøker nettstaden vår på nytt vil den alltid be deg akseptere eller avvise informasjonskapslar.

Vi respekterer om du vel å avvise informasjonskapslar, men for å unngå å spørje deg igjen og igjen, ber vi deg tillate oss å lagre ein informasjonskapsel for dette. Du kan når som helst velje vekk eller velje inn andre informasjonskapslar for å få ei betre oppleving. Dersom du avviser informasjonskapslar, vil vi fjerne alle informasjonskapslar i domenet vårt.

Vi gir deg ei liste over lagra informasjonskapslar på vårt domene, slik at du kan sjekke kva vi har lagra. Av sikkerheitsårsaker kan vi ikkje vise eller endre informasjonskapslar frå andre domene. Du kan sjekke dette i sikkerheitsinnstillingane til nettlesaren din.

Google Analytics Cookies

Desse informasjonskapslane samlar inn informasjon som anten blir nytta i ei samla form for å hjelpe oss med å forstå korleis nettsida vert brukt, kor effektive marknadsføringskampanjane våre er, eller for å hjelpe oss med å tilpasse nettsida og applikasjonen vår for å forbetre opplevinga.

Dersom du ikkje ønsker at vi sporar besøket ditt på nettstaden vår, kan du deaktivere sporing i nettlesaren din her:

Andre eksterne tenester

Vi bruker også ulike eksterne tenester som Google Webfonts, Google Maps og eksterne videoleverandørar. Sidan desse leverandørane kan samle inn personleg data som IP-adressa di, gir vi deg moglegheit til å blokkere dei her. Ver merksam på at det kan redusere funksjonaliteten og utsjånaden til nettstaden vår betydeleg. Endringar vil tre i kraft når du lastar inn sida på nytt.

Innstillingar for Google Webfont:

Innstillingar for Google Maps:

Innstillingar for Google reCaptcha:

Videovisning frå Vimeo og Youtube:

Personvernreglar

Du kan lese detaljert informasjon om informasjonskapslar og personverninnstillingar på personvernsida vår.

Personvernerklæring

Aksepter bruk av informasjonskapslarAvslå