Kinnakyrkja
  • Kinnakyrkja
  • Historie
  • Opplev Kinn
  • Skuleopplegg // QUIZ
  • Menu Menu
Irland - keltisk kristendom
Keltisk kristendom - Image by Herbert Bieser from Pixabay

Kinn i Keltisk kristendom

Skrive av Torleif Reksten
Publisert i Kinn kyrkjeblad desember 2021

Er Kinnaklova årsaka

til at irske munkar slo seg ned på Kinn lenge før kristendommen blei vedteken som religion i Noreg? I samband med kristenrettsmøtet på Moster i 1024 blei mange reglar for korleis folk skulle leve som gode kristne, stadfesta. Vi finn også innføring av mange heilage dagar samt ein dag som berre var norsk. Denne dagen, kalla Seljumannamesse, skulle feirast den 8. juli kvart år til minne om heilage menn som kviler i holer på Kinn og på Selja. Dagen er innført på grunnlag av legender om einebuarar som hadde slege seg ned på desse øyane. Keltiske munkar var ivrige etter å dra til aude øyar for der i einsemd å komme nærare Gud i tilbeding og bøn. Spesielle fjellformasjonar, helst nær kysten, var stader der folk kunne komme nær Gud. Her vart avstanden mellom den verdslege og den åndelege verda svært liten.

På Kinn og i den keltiske tankegangen

ser vi kor mykje skaparverket betyr. Det er ikkje nok å forvalte naturen, vi skal også elske han. I dette synlege er også det usynlege til stades. Gud og natur går i eitt. Slik skal det vere eit nært og fortruleg samband mellom menneske og skaparverk. Menneskeverdet er gjeve oss av Gud, det er ei gåve ingen burde kunne ta frå oss. Vert det krenka, vert også Skaparen krenka. Mennesket er stort og verdifullt avdi det er skapt i Guds bilete. Den keltiske solkrossen er eit fint symbol på dette sambandet. I før-kristen tid var sola ei sterk kraft. Så kom Kristus som var sterkare enn døden. Samansmeltinga av sol og kross kombinerer det skapte med frelse.

Vi har ingen handfaste prov

på at desse einebuarane kom til norskekysten. Men når ein veit at dei kom i små, skrøpelege farkostar til alle vesterhavsøyane og til Island, er det svært truleg at dei rok over Nordsjøen også. Då dei landa her, ville Kinn med ein fjellformasjon det ikkje fins maken til i Storbritannia og rundt Nordsjøen, vere ei øy etter keltiske ideal. Oppdaga dei også at haustsola synte seg for siste gong i Kinnaklova den 1. november og viste seg att neste vår, den 1. februar? Det er litt av eit samantreff at nett desse dagane, og nokre dagar før og etterpå, var store festdagar i Irland.

Samhaim, den 1. november,

tyder sommaren sin død. No måtte det fruktbare sommarhalvåret vike for den mørke vinteren. Mange irske mytar fortel om store ofringar og at folk måtte vere inne når det var mørkt fordi det lurte demoniske krefter ute.

Keltisk kristendom har alltid villa gje nytt kristent innhald til gamle tradisjonar, og denne festen smelta etter kvart saman med den katolske helgemesseaftan. Alt i oldtida var det vanleg å halde messer og be for dei døde sine sjeler. Fattige gjekk frå dør til dør med tilbod om å be for ein avdød, og fekk mat (sjelekake) som løn. Dette er truleg bakgrunnen til halloweenskikken «trick or treat» der barn no går rundt og ber om godteri. I år 835 blei helgemessedagen flytta til 1. november for å overskygge keltarane sin heilage Samhain. Trua på demoniske krefter lever framleis vidare i halloween som no har  spreidd seg over heile verda.

Imbolc (imbolg), den 1.februar,

vert feira for å ønskje våren og den fruktbare sommaren velkommen, noko snøklokkene symboliserer. Ordet betyr «i magen». Alt er i startfasen og lovar ei ny tid med gode ønskje og håp for framtida. Her skal vi legge alt vondt bak oss, sjå framover utan vonde tankar og lage rom for tilgjeving og samarbeid. I førkristen tid var festen knytt til fruktbarheitsgudinna Brigid som var gudinne for eld, sol og hjarte i tillegg til lege-, dikte-, og smedkunst. Ho blei seinare i keltisk kristen tradisjon omtolka til St Brigid, ein av dei viktigaste helgenane i Irland. Ho viser også kor respekterte og likestilte kvinner var i keltisk kristendom.

I 2024

blir nok innføringa av Kristenretten på Moster feira i heile landet. Men eg håpar at kyrkjelydane i Kinn vil lage ei storfelt feiring av 1000års-jubileet for Seljumannamessedagen og minnet om dei første kristne vi høyrer om i Noreg. Kinn var altså ein viktig bønestad lenge før kyrkja blei bygd. Selja som kloster og bønestad blei nedlagd før år 1500, og Kinn blir då den eldste kristne bøne- og gudstenestestaden som har vore i kontinuerleg bruk i Noreg. Det bør markerast med framføring av Kinnaspelet på denne dagen slik intensjonen opphavleg var. Kunne denne feiringa slåast saman med 900års-jubileum for Kinnakyrkja?

FLORA HISTORIELAG

  • florahistorielag.no/
  • @florahistorielag

KYRKJENE I KINN

  • kinn.kyrkja.no
  • Fylkesarkivet
  • Kva skjer i kyrkja
  • @kinnakyrkja
  • @kinnkyrkje

KJØP HISTORIEBOKA HER:

Norli Amfi Florø
Kinn kyrkjekontor
Flora Historielag
Ved Kinnakyrkja
Pris kr 495

© Kopirett - Kinn sokn // PERSONVERNERKLÆRING // WEButvikling A til Å // FOTO: FjordKysten og Sunnfjord
Steinkrossar i KinnKlosteret på Iona på den skotske vestkystenKlosteret på Iona - Image by Fiemetta from Pixabay
Scroll to top

Denne nettsida brukar informasjonskapslar, også kjent som «cookies». Informasjonskapslar vert brukt til å samle informasjon anonymt, for eksempel til web- og brukarstatistikk. Dette bidrar til å betre brukaropplevinga di, og gjer at vi kan lage betre nettsider for deg som besøkande. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som blir lagra i internminnet til nettlesaren din. Den inneheld innstillingar og anna informasjon som er brukt på sida du besøker. Når du besøker kinnakyrkja.no, må du samtykke for at vi skal bruke informasjonskapslar i samsvar med erklæringa. Dersom du ikkje ønsker informasjonskapslar, kan du avslå førespurnaden, eller endre innstillingane dine.

GodtaAvslåInnstillingar

Informasjonskapslar og personvern



Korleis vi bruker informasjonskapslar.

Vi kan be om at informasjonskapslar blir brukt på eininga di. Vi brukar informasjonskapslar for å vite når du besøker nettstaden vår, korleis du samhandlar med oss, for å forbetre brukaropplevinga og for å tilpasse forholdet ditt til nettstaden vår. Klikk på dei ulike kategorioverskriftene for å få meir informasjon. Du kan óg endre nokre av preferansane dine. Ver merksam på at blokkering av visse typar informasjonskapslar kan påverke opplevinga di på nettstaden vår og tenestene vi kan tilby.

Essensielle informasjonskapslar

Essensielle informasjonskapslar er strengt nødvendige for å tilby deg tenester som er tilgjengelege på nettsida vår og for å bruke nokre av funksjonane.

Sidan desse informasjonskapslane er strengt nødvendige for å levere ei nettside, vil avslag på dei påverke korleis nettstaden vår fungerer. Du kan alltids blokkere eller slette informasjonskapslar ved å endre nettlesarinnstillingane dine og tvinge blokkering av alle informasjonskapslar på denne nettstaden. Men det betyr at når du besøker nettstaden vår på nytt vil den alltid be deg akseptere eller avvise informasjonskapslar.

Vi respekterer om du vel å avvise informasjonskapslar, men for å unngå å spørje deg igjen og igjen, ber vi deg tillate oss å lagre ein informasjonskapsel for dette. Du kan når som helst velje vekk eller velje inn andre informasjonskapslar for å få ei betre oppleving. Dersom du avviser informasjonskapslar, vil vi fjerne alle informasjonskapslar i domenet vårt.

Vi gir deg ei liste over lagra informasjonskapslar på vårt domene, slik at du kan sjekke kva vi har lagra. Av sikkerheitsårsaker kan vi ikkje vise eller endre informasjonskapslar frå andre domene. Du kan sjekke dette i sikkerheitsinnstillingane til nettlesaren din.

Google Analytics Cookies

Desse informasjonskapslane samlar inn informasjon som anten blir nytta i ei samla form for å hjelpe oss med å forstå korleis nettsida vert brukt, kor effektive marknadsføringskampanjane våre er, eller for å hjelpe oss med å tilpasse nettsida og applikasjonen vår for å forbetre opplevinga.

Dersom du ikkje ønsker at vi sporar besøket ditt på nettstaden vår, kan du deaktivere sporing i nettlesaren din her:

Andre eksterne tenester

Vi bruker også ulike eksterne tenester som Google Webfonts, Google Maps og eksterne videoleverandørar. Sidan desse leverandørane kan samle inn personleg data som IP-adressa di, gir vi deg moglegheit til å blokkere dei her. Ver merksam på at det kan redusere funksjonaliteten og utsjånaden til nettstaden vår betydeleg. Endringar vil tre i kraft når du lastar inn sida på nytt.

Innstillingar for Google Webfont:

Innstillingar for Google Maps:

Innstillingar for Google reCaptcha:

Videovisning frå Vimeo og Youtube:

Personvernreglar

Du kan lese detaljert informasjon om informasjonskapslar og personverninnstillingar på personvernsida vår.

Personvernerklæring

Aksepter bruk av informasjonskapslarAvslå