Keltisk kristendom - Image by Herbert Bieser from Pixabay
KJØP HISTORIEBOKA HER:
Norli Amfi Florø
Kinn kyrkjekontor
Flora Historielag
Ved Kinnakyrkja
Pris kr 495
Skrive av Torleif Reksten
Publisert i Kinn kyrkjeblad desember 2021
til at irske munkar slo seg ned på Kinn lenge før kristendommen blei vedteken som religion i Noreg? I samband med kristenrettsmøtet på Moster i 1024 blei mange reglar for korleis folk skulle leve som gode kristne, stadfesta. Vi finn også innføring av mange heilage dagar samt ein dag som berre var norsk. Denne dagen, kalla Seljumannamesse, skulle feirast den 8. juli kvart år til minne om heilage menn som kviler i holer på Kinn og på Selja. Dagen er innført på grunnlag av legender om einebuarar som hadde slege seg ned på desse øyane. Keltiske munkar var ivrige etter å dra til aude øyar for der i einsemd å komme nærare Gud i tilbeding og bøn. Spesielle fjellformasjonar, helst nær kysten, var stader der folk kunne komme nær Gud. Her vart avstanden mellom den verdslege og den åndelege verda svært liten.
ser vi kor mykje skaparverket betyr. Det er ikkje nok å forvalte naturen, vi skal også elske han. I dette synlege er også det usynlege til stades. Gud og natur går i eitt. Slik skal det vere eit nært og fortruleg samband mellom menneske og skaparverk. Menneskeverdet er gjeve oss av Gud, det er ei gåve ingen burde kunne ta frå oss. Vert det krenka, vert også Skaparen krenka. Mennesket er stort og verdifullt avdi det er skapt i Guds bilete. Den keltiske solkrossen er eit fint symbol på dette sambandet. I før-kristen tid var sola ei sterk kraft. Så kom Kristus som var sterkare enn døden. Samansmeltinga av sol og kross kombinerer det skapte med frelse.
på at desse einebuarane kom til norskekysten. Men når ein veit at dei kom i små, skrøpelege farkostar til alle vesterhavsøyane og til Island, er det svært truleg at dei rok over Nordsjøen også. Då dei landa her, ville Kinn med ein fjellformasjon det ikkje fins maken til i Storbritannia og rundt Nordsjøen, vere ei øy etter keltiske ideal. Oppdaga dei også at haustsola synte seg for siste gong i Kinnaklova den 1. november og viste seg att neste vår, den 1. februar? Det er litt av eit samantreff at nett desse dagane, og nokre dagar før og etterpå, var store festdagar i Irland.
tyder sommaren sin død. No måtte det fruktbare sommarhalvåret vike for den mørke vinteren. Mange irske mytar fortel om store ofringar og at folk måtte vere inne når det var mørkt fordi det lurte demoniske krefter ute.
Keltisk kristendom har alltid villa gje nytt kristent innhald til gamle tradisjonar, og denne festen smelta etter kvart saman med den katolske helgemesseaftan. Alt i oldtida var det vanleg å halde messer og be for dei døde sine sjeler. Fattige gjekk frå dør til dør med tilbod om å be for ein avdød, og fekk mat (sjelekake) som løn. Dette er truleg bakgrunnen til halloweenskikken «trick or treat» der barn no går rundt og ber om godteri. I år 835 blei helgemessedagen flytta til 1. november for å overskygge keltarane sin heilage Samhain. Trua på demoniske krefter lever framleis vidare i halloween som no har spreidd seg over heile verda.
vert feira for å ønskje våren og den fruktbare sommaren velkommen, noko snøklokkene symboliserer. Ordet betyr «i magen». Alt er i startfasen og lovar ei ny tid med gode ønskje og håp for framtida. Her skal vi legge alt vondt bak oss, sjå framover utan vonde tankar og lage rom for tilgjeving og samarbeid. I førkristen tid var festen knytt til fruktbarheitsgudinna Brigid som var gudinne for eld, sol og hjarte i tillegg til lege-, dikte-, og smedkunst. Ho blei seinare i keltisk kristen tradisjon omtolka til St Brigid, ein av dei viktigaste helgenane i Irland. Ho viser også kor respekterte og likestilte kvinner var i keltisk kristendom.
blir nok innføringa av Kristenretten på Moster feira i heile landet. Men eg håpar at kyrkjelydane i Kinn vil lage ei storfelt feiring av 1000års-jubileet for Seljumannamessedagen og minnet om dei første kristne vi høyrer om i Noreg. Kinn var altså ein viktig bønestad lenge før kyrkja blei bygd. Selja som kloster og bønestad blei nedlagd før år 1500, og Kinn blir då den eldste kristne bøne- og gudstenestestaden som har vore i kontinuerleg bruk i Noreg. Det bør markerast med framføring av Kinnaspelet på denne dagen slik intensjonen opphavleg var. Kunne denne feiringa slåast saman med 900års-jubileum for Kinnakyrkja?